Helen
Nynorsk Kor mange kvinner er nøgde med og kjenner seg trygge overfor kroppen sin? For atskillege er kroppen ei evig kjelde til uro, uvisse og såra sjølvkjensle. Vi slåst mot "overflødige" kilo, som ofte synest å vere ei større byrd for sjela enn for kroppen. Ein reknar i dag med at ca. 100 000 menneske i Noreg lid av eteforstyrringar. Begge forfattarane var med på å starte interessegruppa for kvinner med eteforstyrringar, der dei framleis er aktive. Dei har sjølv hatt eteforstyrringar og har dessutan intervjua ei mengd kvinner som har misbruka mat. Boka handlar i hovudsak om sju kvinner i forskjellige aldrar med alvorlege eteforstyrringar som bulimi, tvangseting og anoreksi. Dette er sju uavhengige forteljingar om deira personlege erfaringar og opplevingar. Boka handlar også om ein del om fasar ein kan kjenne igjen i utviklinga av eteforstyrringar. Det er også skrive om alkoholmisbruk oppe i det heile og fysiske skadeverknader som kan oppstå ved eteforstyrringar. Den siste delen av boka handlar mest om løysingar på dei problema forfattarane ynskjer å informere om. Her framstiller dei både perspektiva til kvinnene og behandlingar på vegen ut av misbruket. På den siste sida er det skrive nokon referansar og anbefalingar av annan litteratur for lesaren.
Oct 25, 2014 5:01 PM